Vikebladet Vestposten skal informere og engasjere lesarane, og skal setje saker på dagsorden.
8. august 2014 vart ein ung mann funnen drepen i eit husvære på Hareid. Rykta begynte å gå, og etter eit døgn gjekk politiet ut med opplysningar om at den drepne var partert. Naturleg nok var dette ei sak som både Oslo-avisene og NRK fatta interesse for, og presseoppbodet vart stort på Hareid.
Vi merka raskt at ting som står i lokalavisa slår mykje sterkare i nærmiljøet enn kva det gjer når til dømes VG eller Dagbladet skriv om ei slik sak. Det vart derfor ein balansegang kor mange detaljar vi skulle kome med. Både på papir og nett.
At politiet under ein pressekonferanse uttalte at saka ikkje var relatert til eit narkomiljø (noko det viste seg at ho var), vekte stor merksemd - og også ei viss utryggheit i lokalmiljøet. Avisa skreiv etter eit par veker ein leiar om dette.
Vikebladet Vestposten skreiv i 2014 over 40 artiklar om bilferja «Ullensvang». Etter å ha skrive kontrakt med Møre og Romsdal fylkeskommune bytta selskapet Norled ut sju år gamle «Tidefjord» med den 28 år gamle «Ullensvang». Avgjerda skapte rabalder både blant pendlarar, næringslivet i regionen og i avisspaltene våre. Vi har skrive tre leiarar om denne saka.
Hafast (Hareid Fastlandssamband) vart det også skrive mykje om i 2014. Ørsta/Volda-regionen jobba for at fjordkryssinga av E39 skulle gå mellom Festøy-Solevåg. Men i mars 2014 vedtok Regjeringa at traseen blir mellom Hareid og Sulesund. ” Eg vart rørt til tårer”, kommenterte styreleiar Gunvor Ulstein i Hafast til Vikebladet Vestposten. Vi var med Hareidsordføraren heim til 86 år gamle Olav Fure, mannen som 23 år tidlegare starta arbeidet for eit ferjefritt samband over Sulafjorden, for å fotografere han med flagg og kake.
Demensomsorga i Hareid og Ulstein har også fått mykje spalteplass i 2014. Det starta i juni då avisa laga ein reportasje med Gunnar Øvrelid, som henta heim den demenssjuke kona si frå sjukeheimen, fordi han meinte den skjerma avdelinga vart for dårleg driven. «Ei skam for velferdsstaten», var tittelen på reportasjen, som utløyste fleire artiklar der pårørande og tilsette i Ulstein kommune kunne fortelje om liknande tilstandar der.
Det mest leste sakene på nett i 2014:
- Politiet storma huset vårt – 23.559
Såg hunden forsvinne – 11. 661
Mistenkeleg dødsfall – 10.406
– Eg berre venta på at det skulle skje – 10.296
Hjort på fylla – 8.801
Fann død mann i fjøra – 8304
Mannen er funnen død – 8.161
Grov utnytting på kyrkjetrappa – 8.119
Her vart det krøll for skiltmakaren – 7.753
Varer for fleire hundre tusen er stolne – 6.621
Mest sette video i 2014:
Køyrer du rett i sentrum?