Redaksjonen har i mange år hatt direkte videooverføring frå ordskifta i kommunestyremøta, noko som kan vere både informativt og underhaldande. I 2014 starta så vidt med å lage og publisere korte videosnuttar frå ulike hendingar.
Også i 2014 var det naturleg for avisa å skrive mykje om økonomien til Robek-kommunen Stranda. Langtidsgjelda er i norgestoppen, men dyktige etatsleiarar og tett oppfølging frå administrasjonen sentralt gjer at drifta er under langt betre kontroll enn i mange andre kommunar.
Men det er ikkje alt som fungerer så bra som det burde. Vi har blant anna tatt for oss habilitetsproblem, ulovleg lukking av møte og andre moglege brot på lover for kommunal styring og forvaltning.
Nokre av dei store sakene som har vore mykje omtala er Stabburet, Orkla Foods Norge si avdeling på Stranda. Ei av dei første utgåvene av avisa i 2014 omtala vi at Orkla sentralt hadde gitt klarsignal for å byggje nytt pizzafryseri på Stranda til fleire titals millionar kroner. Sjølv om alle var for dette lokalt, gjekk det i lang tid ein strid om kvadratmeterpris og mogleg oreigning av tomt til pizzafryseriet.
Litt seinare på året, etter månader med spenning, kom endeleg stadfestinga av at Orkla ville flytte lefseproduksjonen frå Lierne bakeri i Trøndelag til Stabburet på Stranda. Konsernet investerer totalt bortimot 200 millionar i anlegget der, noko som får ringverknader i ein kommune på 4.600 innbyggarar.
Av andre positive forhold kan det nemnast møbel- og interiørverksemda Slettvoll som går mot straumen med vekst og overtidsjobbing for å kunne produsere nok.
Beste nettsaker i 2014 (krimsaker unntatt)
Såg ulv på Hellesylt
Ynskjer å hjelpe andre
Jaktar ulv i Strandadalen
Lied fråtrer som rådmann
Møbelfirma går mot straumen
Sjå bilete frå «Bølgen»
Huset er så spesielt at det ikkje kunne rivast
Slik blir det nye Strandafjellet:
Krev innsyn i løna til alle kommunetilsette
Overvakinga av Åkneset er utsett for hærverk