For Møre-Nytt er det avgjerande viktig å vidareføre den tette lesarkontakten vi har. Det vil mellom anna seie å vere til stades i lokalmiljøet. Samstundes ynskjer vi å vere gode på fleire plattformar. Difor vart det satsa mykje på produktutvikling gjennom ny formgjeving og malstyring for papiravisa, og med større endringar for nettavisa. Etter at vi i 2013 fekk på plass mobilløysing og på slutten av året ei god e-avisløysing med Visiolink, var tida i 2014 mogen for å sjå på produktet.
Papiravisa gjekk igjennom ei stor endring frå 1. februar. Då kom Møre-Nytt i ny formgjeving, samstundes som vi gjekk over til malstyring. Det vil seie at det for redaksjonen vart innført faste artikkellengder. Overgangen gjekk veldig bra, og vi trur også lesarane var nøgde med omlegginga.
På vårparten avslutta Møre-Nytt ordninga med betalt innhald for nettavisa. Satsinga hadde ikkje gjeve forventa resultat, og www.morenytt.no vart ei gratis nettavis. Det vart i tillegg satsa på meir eksklusive saker for nettet, og etter kvart kom resultata. Då året var omme hadde vi samla hatt ein vekst på 48 prosent for web og mobil samla, og 126 prosent for mobil åleine.
Det skal nemnast at Møre-Nytt tilsette eigen digital reporter i september, og frå januar 2015 er også ein annonsekonsulent med særleg ansvar for digital annonsering på plass.
Møre-Nytt har også vorte meir aktiv på sosiale medium. Vi har om lag 4.500 følgjarar på Facebook, og fleire saker vert det linka til både på Twitter og Facebook. I tillegg har vi instragramkonto som lesarane er flinke til å oppdatere med ferske bilete.
Populære nettsaker i året som gjekk:
– Eg er heilt mållaus over responsen
Saka om Simone Vartdal, som fortalde ope om hasjmisbruket sitt på Facebook for å åtvare andre, vart den klart mest leste saka til morenytt.no i 2013.
Søkjer etter ny sokneprest
Det som i utgangspunktet var ei kort oppfølgingssak, førte til stort engasjement og mange sterke meiningar. Det fall ikkje i god jord at Møre bispedømmeråd kravde at den som vert tilsett som prest i Ørsta ikkje skal leve i homofilt partnarskap, likekjønna ekteskap eller sambuarskap. Saka vart også følgt opp, både av Møre-Nytt og av andre media.
– Kven berga livet mitt?
I 1973 var Ola Rønneberg frå Eidsdal i ferd med å fryse i hel i fylla i Ørsta. Då berga to jenter livet hans. I desember gjekk han ut i Møre-Nytt for å finne ut kven dei to jentene var. Mange las saka, men jentene har, etter det Møre-Nytt kjenner til, ikkje meldt seg enno.
- Svovellukt etter torevêr
29. oktober vakna Ørsta og resten av Sunnmøre til ei merkeleg svovellukt i lufta. Mange spekulerte i kva årsaka kunne vere, og Liv Hasund meinte svaret låg torevêret natta før. Det avviste meteorologen i Bergen.
«Kjellen» med eigen julekalender
Julekalenderen til Ørsta og heile Noreg sin hissigpropp, Kjell «Kjellen» Bigset, fekk ein plass på topp fem-lista til morenytt.no i 2014.
Andre saker med mange lesarar i 2014:
En smule omtanke, takk!
Ellevill båtjakt i Ørstafjorden
Rapport frå eit konkursbu
73 meter langt monstervogntog gjennom Sæbø sentrum
Venninner gjennom 80 år feira hundreårsdag saman