Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling,såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 ab. Nå er Fjuken inne i sitt 26. år, har sjølveigd avishus, eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3600 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".

 







Fakta
Samlet opplag 3676
Utgiversted Skjåk
Ansvarlig redaktør Asta Brimi (60)
Ottadalen som er kommunane Lom, Skjåk og Vågå.
Kommer ut Torsdagar
Daglige lesere totalt
9560
Daglige brukere på nett
0
Daglige brukere på mobil
0
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 1745
  • Redaksjonelle årsverk
  • 5
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 48
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 134

    Mål og prioriteringar

    Fjuken er lokalavisa for kommunane Lom, Skjåk og Vågå, og har som hovudmål å vere limet og lupa i dei tre kommunane. Fjuken skal spegle lokalsamfunna på godt og mindre godt.  Vi skal skrive om det som opptek lesaren vår, vi skal vere kritiske når det er naudsynt, men framfor alt syne fram alt det positive som skjer i bygdene. Vi skal  syne fram  kulturlivet, det frviljuge organisasjonsarbeidet, vi skal ha ungdomsstoff som gjer at dei yngre lesarane våre finn Fjuken interessant og gjer dei samfunnsengasjerte, og vi skal vere ein arena for meiningsytringar, både på redaksjonell plass og i lesarbrevspaltene.
    I  2014 har Fjuken i tillegg til papiravis, laga nettavis. Den oppdaterar vi ofte, og får på den måten ut dei raske nyheitene. Denne sida er også linka opp mot ein facebookprofil for Fjuken, og her er det stort engasjement kring dei sakene som Fjuken skriv om. Vi har også annonser på nett. Rett nok ikkje i stort omfang enno, men vi satsar på at dette vil endre seg i tida framover.

    Saker som har vore på nettsida vår lagar vi mindre eller med ein annan vri, i papiravisa. I tillegg til Fjuken sender vi også ut tre magasin i året; vinter, sommar og haust. Desse går til samtlege husstandar i kommunene Vågå, Lom og Skjåk, i tillegg til alle hytteeigarar i området. Dette er redaksjonelt gode magasin i kombinasjon med lokale annonser. Juleavisa vår i 2014 var på 72 sider, påskeavisa på 80 sider.
    Året 2014 har vore eit jubileumsår for Fjuken. Det er 25 år sidan fyrste avisa kom ut, og dette feira vi med alle tilsette, deira ektefeller/sambuarar og med eigarane våre i Ålesund. Ei flott og sosial helg med omvising på trykkeriet i Breivika, samt lunsj i lokala til Sunnmørsposten. 
    Fjuken fekk tildelt Austmannaprisen for 2014 for godt nynorsk språk. Det sette vi stor pris på.
    Elles har året 2014 vore eit god økonomisk  år for Fjuken, faktisk det nest beste i lokalavisa si historie. Vi har ei annonsesamkøyring (Dølasamkøyringa) med avisene Dølen på Vinstra, Vigga på Dombås og Norddalen på Sel. Denne kanaliserar bra med inntekter til alle fire avisene.
    Legg til i min rapport

    Avisas samfunnsrolle

    - Avisa har svært god lesarkontakt, Fjuken er fyrstevalet torsdag når den kjem i postkassene, og vi får mange gode tips frå lesarane våre.

    Dette året  har vi mellom anna skrive om :
    -  Får ikkje byggje på huset grunna rasfare.
    - Kva nå Ottadalen? Om ei eventuell kommunesamanslåing.
    - Kva gjekk gale med Skjåk Utvikling AS?
    - Vågå kommune vil tvangsflytte funksjonshemma.
    - Fryktar utarming av landbruket.
    - Bassenget i Lom framleis tomt. Minimal svømmeopplæring i Lom kommune.
    - Skulen i Garmo blir lagt ned. Bygdefolket resignerar.
    - Kristin redda sju liv ved organdonasjon.


    I tillegg har vi dette året, i samarbeid med lokal sparebank og lesarane våre, kåra Årets Ottadøl.Vedkomande får 10.000 kroner på konto, diplom og bilete i lokalavisa.I år vart dette ein av landets beste skyttarar; Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk. 
    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Vi  set av ein arbeidsdag kvar månad der vi evaluerar, legg planar og har idemyldring. Dette har vi funne ut er meir nyttig for oss enn redaksjonsmøte kvar veke. Vi deltek også i avisfaglege konkurransar i regi av Landslaget for lokalaviser (LLA) og får evaluert avisene våre der. Vi deltek også på kurs i regi av LLA og NJ. Elles har vi heile tida fokus på å skrive godt nynorsk, og  redaktøren les korrektur på kvar avis. 
    Konkurranse med lokalavisa Norddalen i Vågå gjer situasjonen for journalistane der spesiell, og vi har heile tida fokus på å presentere gode nyheitssaker, enten på papir eller nett, og tykkjer det er gjevt når vi er før både den andre lokalavisa og regionavisa GD. 



    Etikk
    Vi held den etiske standarden i avisa svært høgt. Det er alltid ei utfordring å vere lokalavis i små samfunn der vi kjenner stort sett dei fleste av dei vi skriv om. Det gjer at vi må vere svært medvetne på det vi skriv, og tenkje  både med hovudet og med hjartet i mange situasjonar.
    Ingen saker til PFU  i 2014.

    Asta Brimi,

    redaktør/dagleg leiar.

    Legg til i min rapport