Fjordingen

Fjordingen dekkjer kommunane Stryn og Hornindal og har eit opplag på 3.979. Avisa vart starta i 1928, først under namnet Indfjordingen. Etter ein trå start med konkurs, vart avisa starta opp igjen i 1929, no under namnet Fjordingen. Fjordingen var eigd av lokale aksjonærar fram til avisa vart seld til Sunnmørsposten i 2003. Fjordingen er dermed ein del av Polaris Media. Avisa kjem ut i papirversjon måndag, onsdag og fredag samt på nett og mobil.

 

 



Fakta
Samlet opplag 3863
Utgiversted Stryn
Ansvarlig redaktør Bengt Flaten (49)
Stryn og Hornindal
Kommer ut måndag, onsdag og fredag
Daglige lesere totalt
12000
Daglige brukere på nett
3000
Daglige brukere på mobil
3000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3048
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 136
  • Antall kommentarer
  • 0
  • Antall innlegg på nett
  • 0
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall leserinnlegg
  • 645

    Mål og prioriteringar:

       Fjordingen skal vere først ute med dei viktigaste nyhende for og om folk i området vi dekkjer. Vi har i 2014 gått over til malstyrt produksjon og gitt avisa eit layoutmessig løft. Samtidig har vi satsa ytterlegare på nett og mobil i form av hyppigare og meir målretta nyheitsoppdatering.

    • Vi skal ha hovudfokus på nyhende og krydre avisa med dei gode og nære reportasjane. Gjennom tekst og gode bilde skal vi gje lesarane i nærområdet til liks med utflytta stryningar og honndøler eit godt speglbilde av kva som skjer på godt og vondt.
    • Vi skal vere ein god debatt-arena der folk skal få sleppe til med meiningane sine. Og vi skal ikkje minst vere tilbodstorget der annonsørar og lesarar møtast gjennom tilbod og etterspørsel.
    • Papiravisa er hovudproduktet for Fjordingen. Nettavisa vert stadig viktigare og gjer oss i stand til å konkurrere på raske nyhende mellom papirutgåvene. Fjordingen tilbyr og papiravisa i fullverdig elektronisk versjon.
    • Radio Stryn er avisa sitt ekstra krydder, litt ekstra smågodt i kvardagen.
    •  
    Legg til i min rapport

    Avisa si samfunnsrolle

    Samferdsel. Veg og vegbygging engasjerer stort. Hausten 2012 vart Kvivsvegen opna. Vegen bind indre Nordfjord saman med søre Sunnmøre, og vart bygd som ein del av den framtidige E39. Likevel var det stor politisk strid og kraftig usemje mellom kommunane i Nordfjord om kvar E39 skal gå vidare. Nokre kommunar ville og ha omkamp og flytte den nybygde E39 tilbake til den parsellen som vart avløyst.

    Vegdebatten har vore ein klassisk debatt der lokalavisene er viktige arenaer for å få fram ulike synspunkt. På leiarplass, i redaksjonelle saker og på lesarbrevplass gjekk debatten varm heilt til samferdsleministeren sette foten ned og bestemte endeleg linjeval i juni 2014. Det vart ikkje flytting av ein nybygd veg, men vidare utbygging av den linja som vert kortast og rimelegast, og som gjer E39 til den hovudferdselsåra han er meint å vere.

    Også fullføring av fv 60 mellom Olden og Innvik har vore stort stridstema i 2014. Avklaringa i form av vedtak om fullføring kom så seint som i desember. I same møte vedtok fylkestinget også eit viktig rassikringsprosjekt som skal gje bygda Flo rassikker veg mot kommunesenteret.

    Ved utgangen av 2014 er det framleis eit ope spørsmål når og korleis rv 15 Strynefjellsvegen skal bli rassikra. Samferdsleministeren har sagt at han ikkje vil bruke pengar på løysingar som er meint å vare berre nokre år. Håpet lokalt og regionalt går ut på å erstatte dagens tre tunnelar med ein lang tunnel. Denne vil eliminere rasfare og problemea tungtrafikken har i den bratte stigninga opp mot fjellet vinterstid.

     

    Helse. Manglande avklaring mellom helseføretaka gjer at pasientar frå indre Nordfjord må bryte regelverket for å nytte seg av næraste akuttsjukehus som ligg i Volda. Etter at akuttberedskapen vart avvikla ved Nordfjord sjukehus er Førde sentralsjukehus akuttsjukehuset for heile fylket. Men etter opninga av Kvivsvegen i 2012 har Volda sjukehus kome betydeleg nærare. I dag er det 25 minutt køyring mellom Hornindal og Volda, medan køyretida Hornindal-Førde er over to timar. Like fullt meiner Helse Førde at akutte pasientar i hovudsak skal velje Førde og ikkje Volda som ligg i nabohelseføretaket.

    Sjukehusforkjemparar og lokalpolitikarar i Nordfjord har kjempa for å få til eit samarbeid mellom helseføretaka som set pasienten sitt beste i fokus. Dette har vore ei viktig sak der Fjordingen har tona flagg på leiarplass fleire gonger gjennom 2014.

     

    Skule og næringsliv. Stryn vidaregåande skule overlevde fylkesrådmannens nedleggingsforslag og vart berga av eit samrøystes fylkesting. Ikkje minst takka vere hard kamp lokalpolitisk, og med sterk støtte frå næringslivet. Stryn er den fjerde største kommunen i Sogn og fjordane, og den vidaregåande skulen vert sett på som ein svært viktig del av samfunnshjulet i indre Nordfjord.

    Året etter at kampen om å berge skulen vart krona med siger, er samarbeidet mellom skule og næringsliv fokusert breitt. Lokalavisa har vore og er ein viktig arena for å synleggjere skulen sin posisjon og rolle. Ikkje minst opp mot eit næringsliv som er allsidig og robust.

     

    Legg til i min rapport

    Journalistfagleg utvikling

    Journalistfagleg utvikling:

    • Fortløpande fokus på å skrive poengtert og informativt, og med gode bilde som illustrerer sakene godt.
    • Fokus på eit moderne nynorsk som samsvarar med folk sin daglegtale.
    • Kritisk journalistikk der avisa set dagsorden.
    • Meiningsberande leiarar som ofte er kritiske, av og til rosande, men som og skal setje dagsorden.
    • Etikk
    •  
    • Avisa har sterkt fokus på etikk og er bevisst på same norm og etiske standard både i papiravis og på nett. 
    • Bengt Flaten, ansvarleg redaktør
    •  
    Sjå møtet med storbukken
    Legg til i min rapport