Fjordenes Tidende

5. april 1910 kom den første utgåva av Fjordenes Tidende ut. Dette er den nest eldste avisa i Sogn og Fjordane. Fram til 1995 var det lokale eigarar av Fjordenes Tidende til Sunnmørsposten kjøpte gradvis opp alle aksjane i Fjordenes Tidende AS. I dag er Fjordenes Tidende eit moderne mediehus som blir sendt ut til knapt 5.000 abonnentar på papir og e-avis, pluss at vi har nettside og mobilløysing som blir oppdatert. Vi dekker fem kommunar i ytre Nordfjord i Sogn og Fjordane: Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven, og har ei sterk forankring i denne regionen. Rundt 20 prosent av dei betalande abonnentane bur utanfor Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fjordenes Tidende føl folk i denne regionen frå vogge til grav.

 

 

 

 



Fakta
Samlet opplag 4648
Utgiversted Måløy
Ansvarlig redaktør Eling Wåge (56)
Vågsøy, Bremanger, Selje, Eid og Vanylven.
Kommer ut Mandag, onsdag og fredag.
Daglige lesere totalt
15000
Daglige brukere på nett
5000
Daglige brukere på mobil
3000
Fordeling lesere
  • Antall sider produsert
  • 3840
  • Redaksjonelle årsverk
  • 6
  • Fordeling stoff/annonser
  • Antall lederartikler
  • 150
  • Antall kommentarer
  • 15
  • Antall innlegg på nett
  • 40
  • Refuserte innlegg på nett
  • 0
  • Antall gjestekommentarer
  • 40
  • Antall leserinnlegg
  • 630

    Mål og prioriteringar

    Fjordenes Tidende skal vere den viktigaste kanalen på formidling av historier og nyheiter på papir, nett og andre plattformer for alle som bur i eller som er knytt til ytre Nordfjord. Vi skal vere tydelege på prioriteringar av kva vi meiner er viktige og mindre viktige saker. Skal følgje folk frå vogge til grav.

    • Vi vil skape innhald både på print og nett som folk i denne regionen ikkje kan klare seg utan.
    • Vi har stort fokus på korleis vi fortel historiene vi formidlar, og korleis vi presenterer dei. Vi går heile tida vore gjennom produktutvikling med tydeleg prioritering av stoffet. Og vi er like mykje opptekne av dei små og mjuke sakene som dei store og tunge.
    • I november 2013 bestemte vi oss for å ta eit sterkare grep på nett. Vi auka frekvensen på publisering av saker. Vi har starta så vidt å produsere videoar, og ser at dette genererer treff. Vi etablerte også vår eiga side på Facebook, og i løpet av to månader fekk vi 2.000 følgjarar. Vi ser at dette har ført til meir besøk på nett og mobil. (Sjå eigen grafikk).

    Årets mest sette videoer

    Slik kan ulukka ha skjedd 

    Kom kjørende da denne kjempen dukket opp

    Her blir han grundig vaska  

    Årets ti mest leste saker på WEB:

    Lensmannen brende ned nabohytta

    Politiet ber folk vere på vakt

    Fann eldre mann drukna i sjøen

    Ber bygdefolket takke korpsmusikantane

    Politiet ber folk om hjelp i forsvinningssaken

    Se måløyværingen røre Damli til tårer

    45 personer tatt i stor narkoaksjon

    De blir med i TV-suksess

    Kom ikke på jobb - funnet omkommet

    Ber folk vere på vakt

    Køyrde 25 timar i strekk - mista førarkoret

    Legg til i min rapport

    Avisens samfunnsrolle

    • Vi skal formidle det viktigaste som skjer i det offentlege rom, pluss at vi skal la folk som har meiningar om samfunnsutvikling få sleppe til. Vi skal skape engasjement og begeistring, og formidle ein levande debatt om korleis våre lokalsamfunn skal vere og utvikle seg.
    • Endringar i næringsstruktur og næringsliv i regionen har vore viktige saker også i 2014. Mange bedrifter er inne i omstillingsfasar, og det har ført til mange nye bedrifter samstundes som tradisjonelle bedrifter har blitt lagt ned. Mange kommunar slit med dårleg kommuneøkonomi på grunn av auka kostnader, og auka krav til kvalitet på offentlege tenester og offentlege tilbod. Det har ført til stort folkeleg engasjement og debatt i spaltene både på nett og print om kva tilbod kommunane skal levere. Det har vore spesielt mange saker og debattar rundt skulestruktur og kvalitet i skulen.
    • Organisering av helsevesenet i samband med nedbygging av Nordfjord sjukehus har også dette året vore sentral. Det same har debatten rundt kvaliteten på alle typar helsetenester vore. Mellom anna har det vore debatt rundt organisering av ambulansestasjonering og organisering av lokale legevaktordingar.
    • Nedlegging av tollkontor, stasjonering av redningsskøyta, om den skal ha base i Måløy eller Florø, endring av politidistrikt og lensmannskontor har vore mykje omtalt både på nett og papir.
    • Samferdsle med trygge og gode vegar, og gode offentlige kommunikasjonar både på sjø og land har også vore sentrale tema. Debatt rundt bygging av verdas første skipstunnel, Stad skipstunnel, har også i dette året skapt mykje engasjement. På hausten så arrangerte styret i Stad Skipstunnel ein to-dagars konferanse på hurtigruta. Det har også vore debatt om behovet for ny og større ferje og fleire avgangar på ferjesambandet som i 2014 hadde størst vekst i Sogn og Fjordane, sambandet mellom Måløy og Oldeide
    • Det har også vore mykje debatt om kvar stamvegen nord-sør, E 39, skal gå – skal den gå i indre eller midtre Nordfjord. I 2014 bestemte samferdsledepartementet at brukryssinga skal kome i indre i Stryn kommune. I vårt område har kystvegen og styrking av 45-minuttarsregionen vore viktige saker som også i 2014 har skapt stor debatt og engasjement.
    • Det har også vore mykje debatt om ferjetilbod og bussruter. Det har kome ein ny bussoperatør, Firda Billag, som i 2014 overtok mange lokalruter for Nettbuss. Det førte til at Nettbuss som driv ekspressbussruter mellom Nordfjord og Oslo, tre daglege avgangar, vurderte å kutte Måløy som endestasjon, og la ruta stoppe i Eid. Men etter mykje fram og tilbake så valde dei å halde på fleire av avgangane til g frå Måløy. Det har og vore stor debatt og engasjement rundt sjukehusbussen som kvar dag køyrer mellom Nordfjord og sjukehuset i Førde.
    • Striden om kvar den nye kraftlinja skal gå gjennom fylket har ført til stort engasjement også i 2014. Spesielt i Bremanger og i Ålfoten. Her har grunneigarane vore sterkt usamde, og det var to rettssaker som følgje av striden.
    • Vi er tett på og dekker det meste som skjer av det rike kulturlivet, sport og idrett som er i regionen. Vi er på mange arrangement, og store deler av våre spaltar både på papir og nett er fylt med denne type saker. Mange barn og unge brukar mykje av fritida si på dette.
    •  

     



    Legg til i min rapport

    Journalistfaglig utvikling

    Vi har hatt interne kurs. Vi evaluerer kontinuerleg vårt eige produkt, vinkling og val av kjelder. Vi har sterkt fokus på val og bruk av kjelder vi brukar og vinkel på sakene.

    Vi har hatt stort fokus på at papir og nett skal bli ulike og unike, og at dei to plattformene kan utfylle kvarandre og ikkje konkurrere med kvarandre.

    Etikk

    Vi har stort fokus på å følgje Vær Varsam-plakaten. Vi har opna for debatt via Facebook på 70 prosent av sakene vi publiserer på nett og opplever at når ytraren er kjent så blir det stort sett ein ryddig og konstruktiv debatt. Kommentarane er stort sett saklege og ryddige.

    I 2014 var vi ikkje klaga inn for Pressens faglege Utval (PFU).

     

    Erling Wåge

    Ansvarleg redaktør

    Legg til i min rapport