Dølen har gjennom heile fjoråret vore ei av Landslaget for lokalavisar (LLA) sine pilotavisar i prosjektet ”Levande lokalsamfunn”, eit prosjekt som tek sikte på å auke innslag av såkalla «public journalism», deltakande journalistikk, i norske aviser. Dølen ser på denne måten å jobbe på som svært viktig i eit samfunnsperspektiv. Det å engasjere lesarane i større grad enn tidlegare, vil både vera ei styrke for avisa på sikt, men også for lokalsamfunnet. Avisa tek eit større ansvar for å vera ein aktiv og positiv bidragsytar i nærmiljøet. Likevel er det slik at deltakande journalistikk er langt meir tidkrevjande enn «vanleg» journalistikk, og vi har ikkje fått gjort like mykje som vi skulle ønske. Av dei konkrete tiltaka som har kome ut av prosjektet for vår del så langt, er spalta «Midt i verda», der vi tek opp ulike tema som lesarane er opptatte av. Vi har også innført Dølen «On tour», der vi ein gong i månaden fløtt redaksjonsmøtet ut på ein kafé, i ei kantane eller liknande, og let folk ta del i redaksjonsmøta våre.
Infrastruktur, veg og tettstadutvikling er saker Dølen har følgt tett over fleire år. Mange av desse fekk sine «konklusjonar» i året som gjekk. Den berykta Skåbuvegen vart rusta opp for mangfaldige millionar kroner etter fleire års påtrykk frå lokalbefolkning og Dølen, godt hjelpt av dei siste års storflaumar. Likeeins har Dølen følgt E6-utbygginga tett, og fleire vedtak knytt til vegen, har vore tatt opp i etterkant av oppslag i avisa vår. Av andre saker der Dølen har markert seg, er det verdt å nemne skyteepisoden i november, der ein politimann vart skote på Vinstra. Der var Dølen referansepunkt for store deler av norsk rikspresse dei fyrste timane av dramaet.
Årets ti mest leste saker – årets viktigste saker
Hund skutt med hagle
Væpna politiaksjon på Vinstra
Uthengt som pedofil på Facebook
Shortskledd jogger vakte mistanke
Lågen går over sine bredder
Nå er det slutt på Fryatun
TV-produksjon til Ringebu?
Bilbonanza på såpeføre
Ingvild kåret til norsk helt
Støper golvet på Gardermoen: http://dolen.no/item/444-stoper-golvet-pa-gardermoen.html