Åndalsnes Avis

Driva

Avisa Driva ble etablert i oktober 1971 av Einar Sæter som var redaktør for avisa fram til 1988. Avisa hadde slagordet «Avisa for bygdene» og dekte ni kommuner de første årene. Utgiverdager er mandag, onsdag og fredag. I dag dekker avisa kommunene Surnadal, Rindal, Halsa, Sunndal, Nesset og er tidvis innom Tingvoll på regionale saker. Det er totalt ti årsverk i avisa. Hovedkontoret er på Sunndalsøra der vi våren 2014 flyttet inn i nye og tidsriktige lokaler. Vi har avdelingskontor i Surnadal som er hovedkommunen til Driva. Der har vi 69% husstandsdekning.

Dølen

Dølen skal vera limet i lokalsamfunnet. Vi er og skal vera ein samlingspunkt for folket i Midt-Gudbrandsdalen og for midtdøler utafor våre tre kommunar, anten dei les oss på papir, på nett, eller følgjer oss på sosiale medium. Vi er tettare på og grundigare enn konkurrentane våre. Vårt motto er at Dølen kjenner Midt-Gudbrandsdalen best. Vi i Dølen trur at vi kan spele ei rolle i lokalsamfunnet vår - vi har ei rolle som lim, lupe og identitetsbyggar. Saman med lesarane våre kan vi skape eit meir levande lokalsamfunn.

Vikebladet Vestposten

Lokalavisa Vikebladet vart stifta i Ulsteinvik i 1929. I 1989 vart avisa slått saman med Vestposten på Hareid, og namnet vart Vikebladet Vestposten. Redaksjonslokala ligg i Ulsteinvik sentrum, og kjerneområdet er Ulsteinvik og Hareid. I 1999 vart Vikebladet Vestposten kjøpt opp av Sunnmørsposten og våren 2009 vart vi ein del av Polaris Media. Frå 2000 har vi kome ut med nettavisa vikebladet.no. Per døgn har vi i snitt 12 oppdateringar og gjennomsnittleg 8000 lesarar på web, 4000 lesarar på mobil og 11000 lesarar av papirutgåva.

Fjordenes Tidende

5. april 1910 kom den første utgåva av Fjordenes Tidende ut. Dette er den nest eldste avisa i Sogn og Fjordane. Fram til 1995 var det lokale eigarar av Fjordenes Tidende til Sunnmørsposten kjøpte gradvis opp alle aksjane i Fjordenes Tidende AS. I dag er Fjordenes Tidende eit moderne mediehus som blir sendt ut til knapt 5.000 abonnentar på papir og e-avis, pluss at vi har nettside og mobilløysing som blir oppdatert. Vi dekker fem kommunar i ytre Nordfjord i Sogn og Fjordane: Vågsøy, Selje, Bremanger, Eid og Vanylven, og har ei sterk forankring i denne regionen. Rundt 20 prosent av dei betalande abonnentane bur utanfor Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Fjordenes Tidende føl folk i denne regionen frå vogge til grav.

Fjordingen

Fjordingen dekkjer kommunane Stryn og Hornindal og har eit opplag på 3.979. Avisa vart starta i 1928, først under namnet Indfjordingen. Etter ein trå start med konkurs, vart avisa starta opp igjen i 1929, no under namnet Fjordingen. Fjordingen var eigd av lokale aksjonærar fram til avisa vart seld til Sunnmørsposten i 2003. Fjordingen er dermed ein del av Polaris Media. Avisa kjem ut i papirversjon måndag, onsdag og fredag samt på nett og mobil.

Fjuken

Lokalavisa Fjuken vart starta som eit folkeeigd aksjeselskap (Skjåk Mediautvikling AS) i 1989. Etter ein trong "fødsel", med mykje prøving og feiling,såg fyrste nummer av lokalavisa dagens ljos 6. april det året. Den ferske Fjuken vart sendt ut til om lag 400 abonnentar, og før året var omme var talet oppe i 1000 ab. Nå er Fjuken inne i sitt 26. år, har sjølveigd avishus, eitt avdelingskontor, gode arbeidstilhøve og stabile medarbeidarar. Med om lag 3600 i opplag har Fjuken svært god dekning i Ottadalen, samt at nær 1600 av abonnentane er utfløtte dølar. For dei er Fjuken svært viktig, som bindeledd til heimbygda og som "brevet frå heime".

Møre-Nytt

Møre-Nytt held til Ørsta, og dekkjer Ørsta og Volda kommunar. Møre-Nytt vart etablert i 1935 med papiravis, og kom med nettavis hausten 2011. Det var ei av dei fyrste betalingsavisene for nett i landet. I mars 2014 avvikla vi ordninga med betalt innhald, og nettavisa vart gratis. 2014 vart prega av mykje produktutvikling, både for papir og digitalt innhald.

Romsdals Budstikke

Romsdals Budstikke ønsker å være nyhetsledende i vårt dekningsområde på papir, nett og mobil. Vi ønsker å levere et bredt lokalt avisprodukt som gir nyheter, innsikt og skaper debatt. I 2014 satset vi spesielt på samfunnsdebatt gjennom den nye seksjonen Ukeslutt.

Sunnmøringen

Sunnmøringen er å finne på pc, nettbrett og mobil heile veka, og kjem ut i papirversjon onsdagar og laurdagar. Avisa blei etablert i 1946, og dekker først og fremst Geiranger, Hellesylt/Sunnylven, Liabygda og Stranda. Også i 2014 publiserte Sunnmøringen viktige lokaljournalistiske saker på ulike samfunnsområde. Hovudsakleg gjennom tekst og bilete, men også via nokre få videoinnslag.

Sunnmørsposten

I over 130 år har Sunnmørsposten hatt en viktig rolle i nordvest, ved å informere om det som skjer, avdekke kritikkverdige forhold, framheve det positive, knytte sammen folk i bygd og by og gi rom for ideutvikling, dialog og debatt. Sunnmørsposten er det største mediehuset mellom Bergen og Trondheim, og har en solid posisjon både på papir, nett og mobil. Hovedredaksjonen ligger i Ålesund, og mediehuset dekker 25 kommuner. 2014 har vært preget av digital innovasjon, omlegging av papiravisa, innføring av betalingsløsning på nett og mange redaksjonelle utmerkelser.

Vigga

Lokalavisa Vigga startet opp i 1987, som et samarbeid mellom Studio A og kommunene Lesja og Dovre. Avisa startet som en gratisavis som ble sendt ut til husstandene. Lenge var Vigga et kommunalt informasjonsorgan. I 2006 kjøpte Fjuken Vigga, og vi ble så en del av Polaris-familien. Vigga.no ble opprettet tidlig, men det har ikke vært jobbet spesielt med nettsiden før i 2012. Nå jobber vi aktivt med nettsiden sammen med hovedproduktet vårt, den ukentlige avisa. Vi dekker stort og smått for sine lesere lokalt, og abonnenter ellers i verden som har tilhørighet til Lesja og Dovre. Ved årsslutt 2014 har journalist Guro Vollen søkt seg permisjon for å jobbe et år hos Dølen, også en avis i konsernet. Vi fikk inn vikar for Guro i starten av 2015, Katrine Stensland, som har vært frilanser hos oss i en årrekke. Ellers er staben den samme, fem driftige damer med base i redaksjonen på Dombås.